Om Det Store Slaget Testo

Testo Om Det Store Slaget

mellom Daksar og Terriar og samstundes nokre ord om dei andre som slost der, nokre Bassar og Biglar, og kva han gjorde med det, Ron Røvarkatt. Små Bassar og Biglar er sjeldan i ro, dei likar kje lukta av annanhunds blod. Men det hender dei ligg der, mette og mo. Pekingesar og Daks som vi seier er sky, dei mislikar slåsting, har likevel ry for å koma til dans om nokon vil by. Det går vov vov vav vav vav vav Vov Vov som første signalet til bikkjenes show. Men no sjølve soga om bikkjenes spel: Det er mogleg dei keia seg nesten i hel (ei veke er lang for ei bikkjeleg sjel). Den grå Politihunden var kje på plass, eg veit ikkje kvifor, men naboen trur han låg på Stasjonen og tok seg ein lur. Så gata var ledig for Bigel og Bass da dei endeleg kom, og stod tass imot tass, stod pal som om begge forlangte eit pass, og dei flekte litt tenner og knurra i trass. Så byrja dei: Vov vov vav vav vav vav Vov Vov Og dei som sat ned' no med te, fekk kje fred. Alle veit, sjølv om mange er uenig' i at ein Basse sitt heimland er fransk' Normandie. Så da fleire Bassar fekk teften av bråk, kom Bassar i døra i annankvar kåk, og dei pludra i veg med sitt nordfranskespråk, for ein franskmann som lever i framand regi, han må alltid få vovve ein frånsk melodi. Men ein Bigel er langt mindre trassig og sår, han har levd i sitt heimland minst fem hundre år. Det finst hundar av mange slags rasar: Chihuava, Hriard, Pomerán, Retrivar, Saluki, Alsassar, Maltesar og Kvit Afrikaan, Shih Tzu, Samojed og Kaukasar og Afganar frå Øvre Iran. Pass no på, du som masar og sjefar sånn, eg kan òg vera bisk og spontan, for eg heiter no Pink Pekingesarson! Om du trugar, så tar eg kje tran! Så kom terrierskokken som likar å bite, dess mindre dei er, dess meir vil dei slite. Dei hadde med pipe i sekk og dei spelte: "Å, vår Dronning Maria, kom att!" før dei vrælte. Pekingesar og Dakshund fann tone og ord på tak og veranda i sjølvblanda kor. Så gøy med litt gjøy som gjekk: Vov vov vav vav vav vav VOV VOV som toppen av bikkjenes krigarske show. Mens desse så modige heltane ivra, så stansa trafikken og jorda, ho bivra. Og høgt oppå hemsen sin vakna ein mann og ringde 018 og sa det var brann. Da plutseleg var det at bikkjene skvatt, for opp av ein kjeller kom Ron Røvarkatt. Eit augnepar lyste lik trugande loger, og bikkjene stod der lik usagde soger. Ron geispa og blunda og lyfte på halen, ein katt kan kje sjå ut meir bustut og galen. Så stirte han om att og pussa på barten mens Bassar og Biglar stod vakne påfarten. Han gjorde eit byks, denne sterkaste pus: Alle bikkjer stakk unna lik vettskremde mus. Så kom politihunden att og gjekk vakt og såg ikkje noko av det eghar sagt. Sjellikar skal og hundar skal. Terriar skal og kattar skal lik kjær og venn bli jord igjen.