Burmaharry Og Rampentussa Testo

Testo Burmaharry Og Rampentussa

Burmaharry og Rampentussa er eit berykta og dugeleg par som klovnar som fell, saltomortalarar, toppsjonglørar med høg hasard. Vi er blittberømt' litt meir enn vanleg,. Vi bur i hus med ein rik antikvar. Det er berre ein plass der vi sit og planlegg dei spennande turar ein omstreifar tar. Det er mange vi veit har sett oss flykte frå Villa Vy og Baronens Palé. Vi har samla oss slettare ry og rykte enn anstendige kattar vil vera ved. Dersom berre eit vindauge står på gløtt, og ein kjøkkenbenk er blitt fri for kjøtt, og ein stein kjem laus på naboens tak så regnet i senga blir vassverksak, om ein skuff er blitt tømt og dei må på fest og dei finn kje kleda dei likar best, og etter middag, kjefting og gnål: dottera saknar ei hattenål - da ropar mor og far: "Det er katten, det kre! Var det Burmaharry eller Rampentussa?" Som regel så blir det berre med det. Burmaharry og Rampentussa har meir enn i kjeften ennmange vil tru. Vi kan klatre på vegger på langs og på skrå. Og til valspråk brukar vi: "Knabb og gå!" Vi bur i hus med ein rik antikvar. Vi har kje vanlege faste jobbar. Vi er høflege kattar som gjerne tar ein prat med konstablar rett før vi robbar. Første juledagsmiddag - Å, kva er fagrare! Alle veit at dei blir kje magrare: Ribbe med svor, poteter og saus. Og kokka kjem inn som var stuten laus og seier med røyst som har dalt ned i skjul: "Det kan kje bli middag før annandag jul! Dei har rappa ribba mi! Koss kan det skje?" Da ropar mor og far: "Det er katten, det kre! Var det Burmaharry eller Rampentussa?" Som regel så blir det berre med det. Burmaharry og Rampentussa har eit spennande liv og bra karriere. Kan hende du seier det må vera hell. Kan hende du seier det kan vera veret. Vi fer gjennom huset lik oskorei og dei spør kven uroar nattero. Er det Burmaharry? Eller Rampentussa? Eller kanskje dei sver at det er begge to? Og når det syng i flasker og glas, og noko frå kjøkkenet ramlar i knas, når nede frå stua kjem ein slags "ping", frå ein vase som fell og kallar seg Ming, da ropar far så sint: "Å, kjem dei no att! Galne Burmaharry og Rampentussa!" Og så blir det med det også no her i natt!