God Natt Katt Testo

Testo God Natt Katt

Av kattar finst det mange slag, og eg, eg meiner no om lag: Du treng kje vera særleg klok om du vil skjøna kattens hug. Du har no lært av katt og meg at kattar liknar meg og deg og fått ein gløtt av kattevett og lært dei fleste av namna rett og kva vi driv med dag og natt. Kva gjer du om du sjølv får katt? Først hjelper eg deg ein sekund og seier: KATT ER IKKJE HUND. Ein hund, han let som han vil slåst. Han gaular fælt, men bit kje kvasst. Ein vanleg hund med gjøy og spel er trass i alt ei enkel sjel. Han jagar ikkje tróst og star. Han har sitt beste ry som narr. Han er for ofte litt for feig. Han er ein slave nokon eig. Han finn seg pent i skjenn og smekk og ligg for alt som ropar: "Dekk!" Ein vanleg hund tar ingen risk, han tigg seg mett ved kvar ein disk. Så eg må seia om att at Ein hund er hund. EIN KATT ER KATT. Det står i kattars huspostill: "Hald tett til du blir snakka til!" Så sant! Og derfor vil eg tru at den som helsar først, er du. Men ikkje trø så altfor nær hans dyrebare eigne verd. Eit bukk, så tar du av din hatt og helsar på han slik: "O KATT!" Men før ein katt vil gi igjen og rekne deg som trufast venn, så bør du vise du set pris på vennen - med litt fløyteis og andre godter, om du har, litt gåseplukk og biff tartar, litt russisk kaviar er bra. (Du lærer fort kva katten vil ha.) Og så er skatten vel i hamn, og du kan gi han namn. Ein katt har krav for seg og slekt på slike teikn på respekt. Og det var det, om ditt og datt. Slik gjer du når du sjølv får katt. Så gjer ditt bukk og hev din hatt OG HELS DIN KJÆRE KATT GOD NATT!